Julemesse med mangt og mykje

Også i år blir det tradisjonell jule(mat)messe i kantina på skulen (Braatthallen) onsdag 10. desember frå kl. 12. 

Det er som vanleg elevar og lærarar på restaurant- og matfag som inviterer og står for arrangementet, som brukar å vere populært før jul.

Diverse bakverk er til dømes fyrstekake, suksessterte, gule bomber, brune pinnar og sjakkruter - samt flettaloff og grovbrød. Og meir til av heimelaga godsaker, blir det opplyst om!

Det blir i tillegg åpen kafé med sal av kjøttsuppe og småbakst.

Så; velkommen til ein triveleg julehandel på skulen!