Økonomisk bistand og humanitær innsats
Fylkeskommunen gir økonomisk bistand til dekning av utgifter for den humanitære innsatsen frå tilsette ved yrkessjåførutdanninga ved Kristiansund videregående skole.
Response Norway og Hvite busser har sett i gang ein aksjon for å evakuere ukrainske flyktningar til Noreg. Aksjonen har fått namnet «Operasjon Hvite Busser».
Eirik Rodlie er avdelingsleiar for yrkessjåførutdanninga ved Kristiansund videregående skole, og det var han som fekk i oppdrag å kjøre ein buss til Polen saman med kollega Gunnar Bjerkestrand.
Rodlie har vore medlem av Response Norway (eller Team Rubicon som organisasjonen heitte fram til i fjor haust) sidan 2018.
- Då ligg ein inne i systemet med kva ein kan og kva ein kan bidra med, seier han.
Rektor Marit Rovik Bjerkestrand brakte Rodlies forespørsel vidare, då aksjonen skjer gjennom etablerte hjelpeorganisasjonar.
- Eg er stolt av skulen, kolleger, politikarar og administrative leiarar i fylkeskommunen. Vi greier å delta i ein slik humanitær aksjon på kort varsel, med godt utstyr og kompetente personar. Det er ein styrke for samfunnet i den situasjonen vi står i, seier ho.
Les meir om fylkeskommunen sitt økonomiske bidrag her: https://mrfylke.no/nyheiter/bidrar-med-pengar-til-flyktningkrisa-i-ukraina