Lyrikk og poesi innpakka i røff rap
Denne veka blir det rapbattling (på god nynorsk) for elevar i Kulturfabrikken, i regi av Den kulturelle skolesekken.
Slik blir framsyninga eller happeningen (på endå betre nynorsk!) skildra frå arrangørhald:
"Ein nordmann likar ikkje å vere våpenlaus" er eit program for ungdomsskule og vidaregåande trinn der lyrikk blir utforska gjennom musikalsk ordtevling, kalla rapbattling. Rapbattle er ein avtalt kamp med ord, der ein må tole mange verbale slag, men der ein også får sjansen til å hevde seg sjølv.
Framsyninga dukkar inn i mangfaldet av kva lyrikk kan vere, og trekker linjer frå 500 år gamle flytestev til OnklP og Olav H. Hauge.
Elevane får sjå korleis ein i rap og dikt kan blande fri improvisasjon med førebudd materiale, og korleis ein kan nytte rim, rytme og timing for å bygge opp ein tekst.
Ved å presentere lyrikk røffare og nærare røynda enn det elevane kanskje er vane med, vil framsyninga bidra til å fjerne eventuelle fordommar mot sjangeren.
- Vi ønskjer å få dei til å tenke nytt om kva poesi og lyrikk kan vere, og gi dei lyst til å skrive sjølve.
Tilbakemeldingar frå skular som har hatt besøk av "Ein nordmann likar ikkje å vere våpenlaus" fortel om elevar som kastar seg over penn og papir for å skrive tekstar som dei seinare battlar over i skulegarden.
Utøvarar er Nils B. Grønvold og Per Olav Hoff Mydske, sistnemnde også kjend under artistnamnet "Skranglebein".