3TT1 er juryklasse i Ungdommens kritikerpris 2022
Gjennom deltaking i Ungdommens kritikerpris har 3TT1 fått prøve seg som anmeldarar og litteraturkritikarar.
Ungdommens kritikerpris er ein pris for skjønnlitterær samtidslitteratur, delt ut av elevar i vidaregåande opplæring.
3TT1 på tekniske og allmenne fag (tidlegare TAF) er ein av sju juryklassar i årets Ungdommens kritikerpris. Dei les dei åtte beste skjønnlitterære utgivelsane frå 2021, og skal vere med på å kåre den beste boka blant desse utvalde.
- Det er jo eit ambisiøst prosjekt, og klassen er nok berre sånn middels leseglade i utgangspunktet. Men no blir det jobba her. Vi les og diskuterer, seier faglærar Merete Bratsberg Aae - som har delteke i prosjektet med elevar tidlegare.
Den 9. mars reiste to elevar til Oslo og var med på storjury-arbeidet, og 16. mars skal heile klassen nedover for å delta på prisutdelinga.
- Dette er eit opplegg der elevane får utfordringar, møter forfattarar og opplever at dei har innflytelse.
Les meir om Ungdommens kritikerpris her: https://ungdommenskritikerpris.no/