Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kristiansund VGS > Nyheter > Skoleskyss går som normalt frå mandag 8. juni av

Skoleskyss går som normalt frå mandag 8. juni av

Møre og Romsdal fylkeskommune går vekk frå avstandskrav i kollektivtrafikken frå måndag 8. juni.

Med bakgrunn i oppdaterte retningslinjer frå nasjonale myndigheiter med ei vidare normalisering og oppmjuking av smitteverntiltak, vil fylkeskommunen oppheve avstandskrava i kollektivtrafikken.

Dette betyr at fylkeskommunen frå måndag 8. juni vil tilby skoleskyss som normalt. Manglande skoleskysstilbod vil då ikkje bli ein avgrensande faktor for skolane si planlegging av undervisning.

- Med den store gjenopninga nasjonale myndigheiter no legg opp til, ønsker vi å legge til rette for at elevar skal få tilbod om ordinær skoleskyss og kunne kome attende til ein normal skolekvardag. Møre og Romsdal fylkeskommune vil oppretthalde forsterka reinhald på alle transportmiddel, og vi ber alle reisande om å vise omsyn. Vidare oppmodar vi framleis til at alle skolebarn og -ungdom som kan, held fram med å gå eller sykle til skolen, seier seksjonsleiar i Fram, Jesper Wiig, i Møre og Romsdal fylkeskommune.

- Om smittesituasjonen endrar seg eller det kjem nye nasjonale krav, vil vi måtte justere tiltaka i kollektivtrafikken, avsluttar Wiig.  

Full kapasitet i kollektivtrafikken vil gjelde frå og med 8. juni.