Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kristiansund VGS > Nyheter > ST-elevar hadde mini-julemesse

ST-elevar hadde mini-julemesse

Den var rett nok i miniformat, men med mangt til salgs.

Avdeling for særskilt tilrettelagt opplæring (ST) inviterte til julemesse onsdag 12. desember, med tilhøyrande kafè.

Det var salg av nissar, betonghjarter, kransar, tennbrikettar og julekort med meir, samt kaffi og kaker. 

Elevane inviterte familie og leiargruppa ved skulen til arrangementet.