Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kristiansund VGS > Nyheter > Julius - nesten eit menneske?

Julius - nesten eit menneske?

Forfattar Alfred Fidjestøl fortalte om Noreg sin mest kjente sjimpanse.

Gjennom fjernsynsruta vart Julius ein kjendis på 80- og 90-talet; fødd i 1979, og fyller straks 40 år!

Det er ei unik historie, som Alfred Fidjestøl rett og slett har samla i ein biografi. Ei oppmerksam forsamling fekk høyre forfattaren fortelje om livet til Julius, også via utvalde bilete på storskjerm. 

I biografien seier Fidjestøl mellom anna dette: "Julius og eg deler 98,6 prosent av genmaterialet. (...) Denne likskapen - og den avgrunnen som artsskilnaden trass alt utgjer - gjorde meg nyfiken på Julius som biografiobjekt. Ikkje berre på det konkrete livsløpet hans, men på kva som gjekk an å finne ut om livsverda hans." 

Det handlar om å finne sin plass, status og makt, kjærleik og sex samt einsemd, død og sorg. Livet er jo slik, med mange nyansar. Derav tittelen; nesten eit menneske.